- før du sender inn søknad! Skjemaet kjem nedst på denne sida.
Søknad = påmelding.
Søknaden er ei bindande påmelding, med ein angrefrist på 2 veker etter melding om opptak. Den føresette bind seg til å betale kontingent for minst eitt semester.
Utmelding
Oppseiing av elevplass må skje skriftleg i brev eller e-post.
Fristane er 1. mai for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. Ved utmelding etter fristen må ein betala for påfølgande semester.
Det er IKKJE nok å gje beskjed til ein lærar.
Utstyr
Eleven må ha tilgang til utstyr og lokale til å kunne øve regelmessig.
Kulturskulen har nokre få instrument til utleige,
men elevane må som regel vere budde på å skaffe seg instrument sjølve.
Læremiddel
Eleven må kjøpe høvelege læremiddel (bøker, CD, DVD, etc til aktiviteten).
Frammøte.
Eleven møter vel budd og i god tid til timane
Heimeøving
- er heilt avgjerande for at aktiviteten skal lukkast, og at eleven får framgang.
Her har også dei føresette ei viktig oppgåve med å leggje til rette for at eleven
har ein vekeplan der det er plass til aktiviteten.
Meld frå når du ikkje kan kome!
Dersom ein elev ikkje kan møte,
må han så snart som råd gje melding til læraren.
Eleven kan ikkje rekne med å få att undervisningstid ved fråvær,
eller om han kjem for seint til timen.
Når læraren er borte
Er læraren sjuk, eller av annan grunn ikkje kan møte til undervisning,
prøver me å finne vikar.
Dersom det ikkje let seg gjera å skaffa vikar,
får eleven melding om at timen vert avlyst.
Varsling om avlysing eller endringar går via SMS.
Det er heimen sitt ansvar at kulturskulen har riktig nummer å senda hastemeldingar til.
Elev/heim må gi beskjed dersom ein ikkje ønskjer varsling via SMS.
Eg har lese alt. Gje meg søknadsskjemaet!